Comments [0]
Deltakrar: Den Harde Kjerne minus Jørgen
Tid: 6 timar
Føre: 5 cm nysnø på toppen, påskeføre i bunn
På 17. mai er det god tradisjon for å gå på ski. Dei siste åra har eg vore på Finse, og der er det alltid lassevis med folk. Men Per var mindre klar for å gå i kø (sjølv om eg prøvde å sei at det er det folk flest gjer på 17.mai), så vi satsa heller på Kvitingen.Vi starta dagen med tre pølsemenyar på YX’en på Øyrane kl 8, delvis fordi vi frykta litt ustabile åpningstider på Statoil i Samnanger, men mest fordi dei loppa meg for 80 kroner for ei skjeva og ein liten brus sist gong eg hadde gløymt nistepakke. Det var yr i lufte, som etterkvart gjekk øve til regn og sludd. Skåddo hong långt nedover fjellsidene, og Per var skeptisk og hadde lite go. Eg derimot, var kanskje ein smule overdreven positiv, og hadde stor tru på at det berre var snakk om ei lita stund før vi hadde sol og blå himmel, og at det låg nysnø og fint føre og venta på oss. Det skuldast vel både sterk 17. mai-glede, og at eg ikkje hadde komt meg ut på ski på altfor lenge.
Det var litt glissent i starten, men det tok seg opp. Då vi hadde klatra opp stoveveggen fant vi laussnø, og jubelen runga. Det var riktignok ikkje snakk om meir enn ein kvart centimeter, men vi hadde stor tru på at det ville auka på lenger oppe. Véret var, i følge Per, stabilt ustabil. Det veksla mellom blå himmel og sol, litt skodda, grautaskodda, og tett snødrev. I dei værste byena frykta Per at detta kom til å bli den tredje turen til Kvitingen i år der han måtte snu før toppen, men eg var fremdeles positiv.
Då vi nådde toppen etter tre og ein halv time, så tjokna det til igjen. Vi fyrte innpå med mat, og song ”Ja vi elsker” for full hals. Då letta alt, himmelen blei blå, sole skein og vi hadde 5 cm laussnø og silkeføre. Vi køyrde ned litt til venstre for der som den vanlege løypa går, og jubelropa satt laust. Vi blei fort enige om at dette var nok den beste vegen ned frå Kvitingen. Vi traska opp på toppen som ligg øve Stoveveggen, og fekk oss eit ekstra nedrenn der. Så drog vi på ned Stoveveggen, gjekk opp på Såto og køyrde ned på framsida.
Alle mine usannsynlig positive forventningar slo til, og vi hadde ein av dei beste 17. mai feiringane på lenge. Og det er ikkje tvil om kva vi skal til neste år.
Bjarte
Comments [0]
Deltagere: Den harde kjerne utan Bjarte, Ingebjørg.
Tid: ca 5 timer
Føre: Knakande flott.
Me hadde hørt at den tredje høgaste toppen på Kvamskogen Iendafjellet var godt egna for toppturer. Lauget måtte prøva detta ut og for av garde i strålande sol tidleg laurdags morning.
Turen gjekk frå Wallemtunet -> Reset -> Byrkjefjellet -> Purkagjelet og opp til topps. Per Jarle fekk planta det norske flagget på toppen i rein Roald Amundsen stil og detta va ein GOD nasjonalistisk handling og protest mot alt som har med EU og gjera (Sjå bilete). Per Jarle viste seg i å vera i ganske god form fram mot den store styrkeprøven sin å ta både Fuglafjellet og Kvittingen på same dag, lykke til. Er det nokon så vil vera med, ring han Per på 99613997. Eit lite bel neom toppen fyrte me igong primusen og REAL turmaten gjekk fort ned i svoltne mager.
Dette er ein topp som ikkje er mykje besøkt på vinterstid, men nedrennet og utsikten er absolutt å anbefalla. Heimatt gjekk me same ruto og Ingebjørg fekk kjenna i beina at det er ikkje det same å gå på “luffeturar” i Normarka som å gå på turer med Lauget… Ellers kan da seiast at da på alle måta va da ein alle tiders tur.
Vyrdsamt Jørgen
Comments [0]
Deltakara: Den Harde Kjerne - Bjarte
Tid: 6t + 2 timer biltur kvar vei
Føre: 20 cm laussnø nederst
Temp: -15
Vi gjekk i frå Voll (i Velle?? red.anm.) med blå himmel og goa pote. Sio me va førstemann va da berre å brøyta seg oppøve. Etter ein liten feilnavigering kom vi oss i korridoren opp gjøno skogen. Etter tre og ein halv time og mange store glis, kunne me konstatera at me hadde eit framifrå flott nedrenn framfor oss. På toppen va da kald vind så da var berre å nyta den fantastiske utsikten,og hiva tå fellene.
Ette ikkje altfor mange svinga tok krampen Jørgen i høgrelåret, så då var da liten pause. På an igjen, eindel svinga, før da va stopp att. No va da venstre venstrelåret som vart tatt av krampe… Tyda på lite aktivitet i da sista… Då vart da full stopp og opp med primusen, mens Jørgen strekkte ut… Varm kakao og Real turmat gjorde susen for sultne maga og krampe i lårna.
Oppe var føret lett pakka laussnø,så da va berre å dra på. Nedi skogen va da meir laussnø, og mange potensielle bjørker å havarera i, men me kom oss ned i ett stykke. Herleg å finna ein skikkeleg topp med eit laaangt nedrenn utan slitsomme oppøvebakka i nedrennet. Då var da berre å få tå seg dampande sko å knekka dei siste 11 mila heim te Arna…
Per
Comments [0]
Comments [0]